Velkommen til D/S Thorolf`s Venner

 

 D/S THOROLF er i dag det eldste dampskip av tre i Skandinavia. D/S Thorolf er bygd av skipsbyggjaren Andreas Svoldal,  Rosendal, I  1910-1911, men fullført ved Brunholmen Mek.Verkstad i Ålesund

 Skipet vart tiring av tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg. Bedrifta nytta skipet til å frakte seljarar,  prøveartiklar,  råmateriale og ferdige produkt langs kysten av Noreg, frå Sørlandet til Finnmark. Firmaet åtte og brukte  D/S Thorolf til slutten av  sekstiåra, då det forliste. 

Fra Tafjord i 30 aara

 Seinare skifta D/S Thorolf eigarar, vart reparert og gjort sjødyktig.

 I 1988 vart stiftinga D/S Thorolfs Venner etablert, og overtok skipet. 21. mai same  år  førte  medlemmane skipet tilbake til Langevåg, og med stor entusiasme tok dei  til  med ei omfattande  restaurering. Sommaren 1991 var D/S Thorolf igjen  sjødyktig.  Maskinen, skroget og alt utstyret  ombord var dei same som for 80 år  sidan, berre  nokre få delar var skifta ut på grunn av råte og rust. I  1998 vart det  oppdaga  omfattande roteskader i tillegg til omfattande skader på kjelesystemet og  båten  måtte gjennom ei  omfattande restaurering. No er båten igjen sjødyktig. 

 I Kulturminneåret 1997 vart alle landets kommunar oppfordra til å velje sitt eige kulturminne.  Avstemmingsresultatet I  Sula  var eintydig:  2/3 av stemmene gjekk til D/S Thorolf. Skipet fekk også det ærefulle oppdraget å delta I  Kulturminnestafetten, og D/S Thorolf gjekk  etappen mellom Alnes og Herøy 30.juli.  

 Fylkeskulturprisen 2000 vart tildelt D/S Thorolfs Venner.  I grunngjevinga er det peika på at dette er eit  kulturminne-innsats ikkje berre lokalt, men også  regionalt og  nasjonalt

 Dampskipet Thorolf m/mannskap kan leigast for turar.